
Vurdering for læring
Vurdering for læring er eit viktig område som ein heile tida som lærar vil forhalde seg til og arbeide med. Det finnes ulike typar for vurdering: det kan være skriftleg, munnleg, aleine, i gruppe, undervegs vurdering og som sluttvurdering. Med utgangspunkt i ein eigen opplevd vurderingssituasjon vil eg trekke inn tankar og teori kring temaet vurdering for læring. Eg vil og ta med kva som vil vera viktig når ein skal vurdere. Eg byrjar med eit utdrag frå forskrift til opplæringslova då det er denne ein som lærar i kvardagen skal forholda seg til .
I forskrift til opplæringslova står det mellom anna om vurdering :

§ 3-1.Rett til vurdering
Elevar i offentleg grunnskoleopplæring og elevar, lærlingar, praksisbrevkandidatar og lærekandidatar i offentleg vidaregåande opplæring har rett til vurdering etter reglane i dette kapitelet. Retten til vurdering inneber både ein rett til undervegs vurdering og sluttvurdering og ein rett til dokumentasjon av opplæringa(…)
(…)Det skal vere kjent for eleven, lærlingen, praksisbrevkandidaten og lærekandidaten kva som er måla for opplæringa, og kva som blir vektlagt i vurderinga av hennar eller hans kompetanse(…)
§ 3-2.Formålet med vurdering
(…)Formålet med vurdering i fag er å fremje læring undervegs og uttrykkje kompetansen til eleven, lærlingen, praksisbrevkandidaten og lærekandidaten undervegs og ved avslutninga av opplæringa i faget. Vurderinga skal gi god tilbakemelding og rettleiing til elevane, lærlingane, praksisbrevkandidatane og lærekandidatane. (Lovdata, 2020)
Me har alle på eit tidspunkt blitt vurdert enten i høve skulearbeid, jobb, aktivitetar, idrett eller andre område og me kan ha ulike opplevingar knytt til desse vurderingane. Nokre kan opplevast som gode vurderingar andre mindre positive. I dag snakkar ein om Vurdering for læring (formativ) som inneber all vurdering som vert gitt undervegs og som fremmer læring. Og ein har Vurdering av læring (summativ) som er ein sluttvurdering, til dømes knytt til prøvar og vurderingar ved avslutning av eit fag, kurs eller ein opplæringspriode. (Rismark, 2018, ss. 119-120)
Vurderingssituasjonen eg vel å skrive om tok stad hausten 2019 og har samanheng med min PPU utdanning. Eg hadde planlagt og førebudd to undervisningstimar ( dobbel time) med ein helse og oppvekst klasse VG1. Klassen har 12 elevar i alderen 15- 20 år, begge kjønn er representert. Der er minoritetsspråklege elevar i klassen. Minoritetsspråkleg elevar – elevar som har anna språk enn norsk som sitt første språk. (Begrepsdefinisjoner- minoritetspråklige. , 2020) Kontaktlærar som og er min rettleiar var med og observerte undervisninga, med mål å vurdere den.

https://www.vg.no/reise/i/VRgqyJ/verdens-bratteste-berg-og-dalbane-med-121-graders-fall
Berg – og dalbane……
Det var med blanda kjensler eg gjennomførte timane. Det var litt som å køyre berg- og dalbane. Opp og nedturar, hit og dit, samstundes som tusen tankar flaug gjennom hovudet – og oppi alt dette var målet mitt at eg skulle formidla noko til elevane og at dei skulle ved hjelp av aktivitetar være i læring….. Eg vart positiv og glad når eg såg det som eg tolka som smil og nikk hos rettleiaren min. Eg kjende uro, og tenkte nei nei nei ! om eg såg ei «bekymra» rynke i panna til rettleiaren. Kva tenker rettleiar no ? – huff nei dette var ikkje bra…. Og så tilbake til det eg skulle formidla.
Etter timane var det avtalt at eg skulle få tilbakemelding frå rettleiaren min. Eg kjende eg var spent og at eg ikkje hadde noko positiv forventing til tilbakemeldinga/ vurderinga. Det er vel ofte slik med oss menneske at «negative» opplevingar, kjensler og tankar er det som pregar ein mest…
Rettleiar byrja med å gi meg eit ope spørsmål om korleis eg syntest timane hadde gått? Med det spørsmålet kjende eg at eg begynte å slappe av, og eg opplevde at eg plutseleg vart meir motivert. Det å få kunne skildre kva Eg hadde opplevd og mine tankar kring timane syntest eg var fint. Eg fekk anledning til å leggje fram tankane/ refleksjonane samt observasjonane mine. Både kva eg tenkte fungerte og kva eg meinte ikkje gjekk så bra, og vidare kva eg meinte kunne vore gjort annleis.
Vidare gav rettleiar meg ei generell vurdering av undervisninga for så å gå inn på deler av den. Det var både positiv tilbakemelding og konstruktiv kritikk. Eg fekk mellom anna tilbakemelding på eit område der det var utviklingspotensiale. Det å få denne tilbakemeldinga gjorde meg både glad og letta. Det som rettleiar poengterte og gav råd og tips om samsvara med kva eg sjølv opplevde og hadde tankar kring. – At her kunne eg gjort ein betre jobb. Det var ein konstruktiv tilbakemelding og positivt framtidsretta. Det var ei god kjensle å kjenne seg trygg på at rettleiar tar tak i dei tinga eg treng å forbetre, – eg fekk ei oppleving av at det er meiningsfylt å verta vurdert. Eg følte meg tatt på alvor og det er viktig.
Ofte føler ein sjølv at det ein gjer ikkje er optimalt, men samstundes veit ein ikkje kva som skal til for å gjere det betre. Difor var det verdifullt å få råd og tips på kva eg eventuelt kunne endre og korleis. Sjølvsagt var det ei fin oppleving å få tilbakemelding på dei tinga som fungerte. Måten eg fekk vurdering på kjem under summativ vurdering jamføre Hiim og Hippe (Hippe, 2004, s. 102) Summativ vurdering- det som eleven har lært til slutt – ein summerer opp. Resultatet av vurderingen blir så lagt til grunn for hvordan det videre arbeidet skal planlegges. (Hippe, 2004, s. 102). Rismark brukar ei anna definisjon på summativ læring : Summativ vurdering er den avsluttende kontrollen av elevens læringsresultat, for eksempel i form av eksamen eller avsluttende prøver ( Engelsen,2012) (Rismark, 2018, s. 119) Eg hadde ei oppleving av at vurderinga hadde ei meining jamføre Haaland : Vurderingens hensikt er å synliggjøre oppnådd kompetanse og å motivere eleven/lærlingen for læring og videre arbeid. (Haaland, 2018, s. 16)

Vurdering kan som i det står i forskrift til opplæringslova og skje før, i løpet av og etter ei arbeidsøkt. I mitt tilfelle vart vurderinga her gitt i etterkant av eit arbeid eg hadde planlagt og utført. Vurderinga var som nemnt framoverretta og den har vore til nytte for meg i det vidare arbeidet. I forbindelse med praksis i andre undervisningstimar har eg opplev at eg har fått råd og tips undervegs i prosessen ved at rettleiar har kome med tips, utfyllande kommentarar til det som har blitt samtala kring i klassen/ eller som eg har formidla. Dette vert kalla formativ vurdering – vurdering som skjer i løpet av arbeidet. (Hippe, 2004, s. 102) Det var nyttig i og med at eg der og då i situasjonen ikkje sjølv hadde kapasitet til å sjå dei same moglegheitene som rettleiar gjorde. Dette gav meg utvikling i sjølve situasjonen og det vart vist korleis.
Vurderingen for meg vart ein integrert del av undervisningen jamføre Rismark (Rismark, 2018, s. 123) Randy Bennett (2011) hevde at formativ og summativ vurdering- eit begrepspar som vart skapt av Michel Schriven i 1967 (Imsen, 2003, s. 311) ikkje er motsatsar, men heng nøye saman. Han meiner at det i kvar vurdering er ønskjeleg å først finne ut kvar elev/ student er i læring (summativ) før tilbakemelding for vidare læring vert gitt (formativ) (Burner, 2020) Eg tolkar det slik at ein etter ein sluttvurdering kan fortsetje prosessen og utvikle seg vidare. Som Imsen skriv tenkjer eg og at den viktigaste funksjonen til vurdering er sjølve rettleiinga og at det er viktig med tilbakemelding på handlingar for å kunne lære av dei (Imsen, 2003, s. 312).
John Dewy (1859-1952) er ein av dei sentrale erfaringspedaogiske, progressive pedagogane. Han var oppteken av at ein lærte ved å gjera «learning by doing» Men ikkje å gjera åleine. Han meinte at kunnskap og erfaring hang saman og at det i tillegg var viktig med refleksjon og resonnering kring handling for å få læring. (Rismark, 2018, ss. 44-45) Tilbakemelding og vurdering av arbeidet ein har gjort kan og sjåast i samanheng med Vygotsky og den proksimale/ næraste utviklingssona. Ein får då hjelp til å komme vidare til neste steg frå der ein er. Dette kan gjerast ved fysisk å syna eller ved å fortelje kva og korleis ein kan utbetre noko, komme vidare. (Rismark, 2018, s. 68) Det som då er viktig er at ein ved tilbakemelding nettopp tek utgangspunkt i der den som vert vurdert er. For så å gi rettleiing og råd om vidare utvikling,- byggje stillas som Vygotsky kallar det.

Stilasbygging der læring skjer gjennom dialog og samhandling. Det er viktig å huske på at «eleven kan ikke strekke seg etter noe om der ikke er noe å «klatre i»» (Rismark, 2018, s. 71)
Eigne erfaringar kring vurdering er nyttige å ta med seg inn i arbeide som lærar. Eg tenkjer at det å ha ein god relasjon til elevane er veldig viktig. En velfungerande relasjon vil tåle meir enn en skjør eller uetablert relasjon (Spurkeland, 2018, s. 82) Om elevane opplev og trur at ein som lærar ynskjer dei vel vil det å få konstruktive framoverretta tilbakemeldingar opplevast positivt og ein vil få eit godt utgangspunkt for vidare læring. Sprukeland skriv og at ein slik relasjon krev vedlikehald og at ein som lærar kan gi dette ved hjelp av mindre eller større, enkle eller meir samansatte stadfestingar for å sikra den daglige relasjonskvaliteten. Til dømes eit smil, bekreftande nikk, eller ein verbal stadfesting (Spurkeland, 2018, s. 82). Eg opplevde sjølv i vurdeingssituasjonen at eg vart teken på alvor då eg fekk konstruktiv kritisk tilbakemelding, samstundes har eg ein god relasjon til rettleiar og tenkjer det som Spurkeland skriv er viktig å ta med seg:
Eleven forventer saklig kritikk i sin relasjon til sin lærer omkring prestasjoner og atferd. Derfor skal ikke Lærere nøle med å levere negative budskap. Men de skal gjøre det med omtanke og på bakgrunn av inngående kjennskap til mottakeren. Derfor er det viktig å fastholde premisset om «å bygge relasjoner i fredstid», slik at de kan tåle trykk og temperatur senere. (Spurkeland, 2018, s. 88)
Elevar er ulike og dei vil prestere ulikt i ulike situasjonar. Nokon likar å verte vurdert, andre ikkje. Nokon synest det er best å verta vurdert ut frå skriftleg arbeid, andre ut frå munnleg eller praktisk. Nokon synes det er best å verte vurdert åleine medan andre i grupper. Som lærar vil det være viktig å kjenne til elevane sine utfordringar og freiste å møte dei der dei er og gi dei rettleiing vidare. Rismark syner til Franke-Wikeberg sine fem grunnleggande spørsmål i høve alt vurderingsarbeid:
Kva skal vi vurdere?
Korleis skal vi vurdere ?
Kven skal vurdere ?
Kvifor vurderer vi ?
Kven skal ha tilgang på resultatene? (Rismark, 2018, s. 122)
Eit mål med vurdering er at elevane skal utvikle forståing av eigen læringsprosess. At dei skal verte medvitne korleis dei kan planlegga, gjennomføring og vurdera sitt eige arbeid. Dette skal gjerast i nært samarbeid med lærar. Vurdering for læring er noko som hender undervegs i skuleåret og det inneber at det ikkje er ein aktivitet som skal komme på sida av undervisninga men som ein del av den. Til dømes kan dette gjelde ei oppgåve elevane skal skrive. Om lærar og elev ser på oppgåva saman kan eleven få tilbakemelding på kva og korleis den kan verte betre. Med det som utgangspunkt vil eleven fortsetje i prosessen og forhåpentlegvis samstundes være i utvikling og lære. (Rismark, 2018, s. 123)
Vurdering for læring er ein viktig og stor del av undervisninga, og den bør foregå kontinuerlig. Som tidligare nemnt har den som skal undervise eit stort og viktig ansvar. – Ansvar for å finne ut kor eleven er og for å hjelpe han/ ho vidare. For å kunne gjere dette er det viktig med god relasjon lærar- elev. Den som skal bli vurdert vil ha eit større utbytte og meistre meir om den kjenne seg trygg og sett.

Referanser
Begrepsdefinisjoner- minoritetspråklige. . (2020, 01 02). Hentet fra Udir.no: https://www.udir.no/laring-og-trivsel/minoritetsspraklige/minoritetsspraklige—hva-ligger-i-begrepet/
Burner, L. H. (2020, januar 4). Store norske leksikon. Hentet fra Formativ vurdering: https://snl.no/formativ_vurdering
Haaland, G. (2018). Vurdeing i yrkesfag Helhetlig yrkeskompetanse. Oslo: Pedlex.
Hippe, H. H. (2004). Undervisningsplanlegging for yrkeslærere. Oslo: Gyldendal.
Imsen, G. (2003). Lærerens verden innføring i generell didaktikk. Otta: Universitetsforlaget.
Lovdata. (2020, Januar 4). Lovdata. Hentet fra Forskrift til opplæringslova: https://lovdata.no/dokument/SF/forskrift/2006-06-23-724/KAPITTEL_4-1#KAPITTEL_4-1
Rismark, K. L. (2018). Didaktisk arbeid. Oslo: Gyldendal.
Spurkeland, J. (2018). Relasjonspedagogikk samhandling og resultater i skolen. Bergen: Fagbokforlaget.
SLUTTKOMMENTAR I høve eigen opplevd vurderingssituasjon valgte eg å skildre den som summativ. Eg er einig i at eg er…
* Du er god til å formidle korleis det er å vera i ein vurderingssituasjon. Da tenker eg særlig på…
Stjerne: Du gir en god oversikt over konteksten hendelsen skjer i, og du har gode definisjoner på både summativ og…
Stjerne:
Du gir en god oversikt over konteksten hendelsen skjer i, og du har gode definisjoner på både summativ og formativ vurdering.
Stjerne:
Du forklarer godt og analyserer hendelsen, og trekker inn relevant fagteori. D
Ønske:
Du skriver at din vurderingssituasjon er en summativ vurdering, og du kan se det på den måten. Jeg ville sett på det som en formativ vurderingssituasjon. Dette fordi du nettopp får vurderinger for læring av din praksisveileder. Du er enda underveis i en læringsprosess. Men som sagt, du kan se det på forskjellige måter. Du skriver godt om vurdering for læring, men noen ganger når du skriver er jeg litt usikker på om du skriver om deg selv, eller om du skriver om andre elever.
LikerLikt av 1 person
* Du er god til å formidle korleis det er å vera i ein vurderingssituasjon. Da tenker eg særlig på det du skriver om oss menneske at «negative» opplevingar, kjensler og tankar er det som pregar ein mest.
*Du har god dekning for diner argument ved å trekka inn faglig relevant teori. For eksempel når du henviser til Spurkeland om at ein velfungerande relasjon vil tåle meir en ein skjør eller uetablert relasjon.
Ønskje: Eg tror oppgåva hadde vore lettare å lesa dersom det hadde vert nokre overskrifter eller kapittel inndeling med overskrift.
LikerLikt av 1 person
SLUTTKOMMENTAR
I høve eigen opplevd vurderingssituasjon valgte eg å skildre den som summativ. Eg er einig i at eg er i ein læringsprosess og at den då kan være formativ, men samstundes vart eg her vurdert konkret inn mot ein konkret situasjon. Og sjølveden situasjonen kan eg ikkje gå inn og endre på i etterkant. Så difor summativ. Eg kan ta erfaringane med meg vidare til liknande situasjonar, så på den måten kan ein tenke at det er formativ vurdering. Med tanke på formativ vurdering valgte eg å trekkje fram ein situasjon der eg fekk rettleiing direkte i situasjonen. Dette kunne eg nok formulert betre og tydligare. Eg tenkjer som Imsen at dei to ikkje er motsetnadar men heng nøye saman. Det var litt spennande å skildre det som Summativ særskildt med tanke på at Rismark hadde ein anna defenisjon.
Då eg skreiv denne oppgåva vurderte eg om eg skulle ha med overskrifter / kapittel og korleis avsnitta skulle være. Korleis er det i ein blogg ? treng ein overskrifter der ? Eg ynskte nok i utgangpunktet ikkje overskrifter, fordi eg hadde ein tanke om at oppgåva skulle kunne lesast med ein jamn flyt. Eg ynskte at ein etter å ha lest den ville ha ein forståelse av korleis det kan opplevast å verte vurdert samt kva ei vurdering har som mål og inneber.
Det kan godt være at den ville vore lettare å lesa om der var overskrifter eller kapittel. Men eg tenkjer at eg ynskjer å ha oppgåva utan overskirfter og kapittel.
LikerLiker